Ein pensjonert dramaelev og ukulturert bergensar drog på premieren av Macbeth på Rogaland Teater. Til tross for ulike utgangspunkt landa begge på den same vurderinga av den klassiske tragedien av William Shakespeare.
Av Fride Westvik og Hanna Bongom
Terningkast: 5
Under premieren av Macbeth av William Shakespeare på Rogaland Teater var salen nesten heilt full. The tragedy of Macbeth frå tideleg på 1600-talet er det fjerde mest populære stykket av Shakespeare. Dei andre som toppar lista er Romeo og Juliet, Hamlet og A midsummernights dream.
Tragedien i korte trekk handlar om tre hekser som fortel Macbeth at han skal bli den neste til å ta over trona i Skotland. Når han får vite dette ender han med å drepe kongen og tek sjølv trona. Men når han fyrst har drepe kongen, klarar han ikkje å slutte. Makta har gjort han djevelsk og fleire liv går tapt. Men det ender med at Macbeth til slutt blir drepen av sin motstandar.
Macbeth er spelt av Leo Magnus De La Nuez, som er utdanna ved Teaterhøyskolen. I Rogaland Teater har han hatt roller som til dømes Osvald i Gengangere av Ibsen.
Han leverer det fornya manuset av Shakespeare på rim med full innsats og får verkeleg oppmerksomheita til publikum når han står på scena og gnistrar.
Saman med Mari Strand Ferstad, som spelar Lady Macbeth, leverer duoen på høgt nivå.
Teikneserie på teaterscena
Fride: Med rekvesittar av papp i teikneserieform ser det ut som at karakterane leikar krig og kongen på haugen, som små born. Scena er prega av mørke og skuggar, og ein blodig raudfarge blir også ein gjengangar.
Men til trass for den mørke tragedien har regissør Tyra Tønnessen klart å skape humor i karakterane, som gjorde at salen vart fylt med låg latter gjennom heile første og andre akt.
Hanna: Rekvisittane og kostymane som blir brukt er lett sagt enkle. Eg trudde først det var skjedd ein feil i stykket da man kunne sjå at eine skodespelaren haldt i ein røykmaskin, men eg forstod etter kvart at dette var meininga.
Eg klødde meg også i hovudet da eg såg at trona til kongen var eit par benkar med ein stol på toppen, men saman med dei andre rekvisittane fungerte dette bra.
Kostymane til kvinnene bar meire preg av moderne uttrykk enn mennene. Dette følets ikkje ut som det var gjort med mening og det gjorde at mennene såg ut som dei var frå fleire hundre år tidlegare enn kvinnene.
Ein moderne Shakespeare
Fride: Vi har sett Shakespeare sine mest populære stykke bli framført på ulike måtar i fleire århundre.
Er Macbeth også relevant i dag?
Det er noko regissør Tønnesen har prøvd på i denne oppsetninga av den klassiske tragedien.
Manuset er skrive om til eit mykje meir direkte og enklare språk, som gjer at publikum klarar å følgje med på historia. Men samtidig har ho holdt på rim og poesi, som gjev oss den meir klassiske «Shakespearekjensla».
Hanna: Sjølv om eg ikkje har sett eit Shakespeare stykke før, var det tydeleg at replikkane var prega av moderne innputt og humor. Det var fleire gonger då alle i publikum lo av det som blei sagt, sjølv om settinga var seriøs. Dette var med på å gjere det endå lettare å følge med på poenga som vart gjort.
Dårleg overrasking
Fride: Noko som overraska var plutslege innslag av popmusikk, som On The Floor av Jennifer Lopez og Pitbull og den kjende og dystre songen Bad Guy av Billie Eilish.
Desse innslaga overraska publikum, men passa svært dårleg inn i den moderne versjonen av tragedien. Innslaga av partymusikken gjorde eit dårleg inntrykk og ødela litt for stemninga som var satt i salen.
Likevel var det andre innslag av musikk, som fenga betre. I fleire omgangar fekk vi høyre sekkepipe, fele, piano og trommer, som verkeleg var med på å heve oppsetninga.
Hanna: Når ‘On The Floor’ ble brukt som eit musikalsinnslag vart eg mildt sagt satt ut. Eg hadde ikkje forventa fult dansenummer med alle skodespelarane til ein song frå 2011 i ein oppsetting av Shakespeare. Dette innslaget var artig, og viste at dei handtera å spele på det moderne og humoren, utan å miste fokuset frå stykket.
Men da ‘Bad Guy’ begynte å spele over høgtalerane mista dei litt av fokuset mitt. For meg vart det eit litt meire desperat forsøk på å vise seg som moderne i eit gamalt stykke.
Etter to songnummer, tre om ein teller med song før andre del starta, må ein byrje å stille spørsmål om det er ein musikal ein er vitne til.
Fride: Ein sit med opne auge og øyrer for å få med seg all spenninga og dramatikken på scena. Gjennom dei to aktene byggjer frykt og angsten seg opp og ein ventar i spenning på den endelege slutten på maktkampen.
Alt i alt var stykket vel gjennomført og ei god framføring av klassikaren til Shakespeare, som ein aldri heilt kan gå lei av.
Legg igjen en kommentar