En redaksjon bestående av studenter
– Som lager nyheter for studenter

Frykta for det ukjende

, , ,

Dette er en skjønnlitterær tekst, og faller under kategorien kreative bidrag. Vil du publisere hos SmiS? Send ditt bidrag til redaktor@smis.no

Av Kim Daniel von Hirsch

Eg vaknar brått midt på natta. Ein uvanleg skarp, men låg lyd flyg gjennom det mørke kalde soverommet. Eg ser meg kjapt rundt utan å sjå noko uvanleg, berre eit bord og nokre tilhøyrande stolar, hyller og en del rot spreidd rundt i rommet. Eg tenkjer ikkje noko særleg over det. Kanskje det berre er ei innbilling. Så eg lukkar auga.

Så skjer det ein gong til. Akkurat i det eg er i ferd med å falla i søvn, kjem den same skjerande lyden igjen. Dei halvtrøytte auga mine opnar seg raskt. Denne gongen er lyden sterkare. Tankar byrjar å kverna i hovudet mitt. Eg høyrer mitt eige hjarte slå som om eg nettopp har sprunge maraton.

Vindauget ved senga er så vidt på gløtt, og kulda stryk varsamt over huda. Det er vel ikkje nok trekk frå vindauget til å flytta på ein pose, eit ark eller noko slikt lengre inne i rommet? Eg rekk meg instinktivt etter leselampa og bruker ho som ein lyskastar.

Den smale, svake lysstripa frå leselampa strekkjer seg innover i rommet, men stansar brått mot det eine hjørnet der det står ein stor frittståande flatskjerm som blokkerer lyset. Kunne lyden ha kome derifrå? Eg kan ikkje sjå noko, men får frysningar av tanken på kva som kan gøyme seg der.

Eg stirar ei lang stund inn i hjørnet som ein varsam surikat, blikket er frose fast. Det kjennest som ei æve. Eg ventar på at lyden skal gjenta seg slik at eg får lokalisert den. Fleire minutt med stille følgjar. Kvifor kjem ikkje lyden att no når leselampa er på?

Rommet må sjekkast nøyare. Eg gjer eit lite hopp frå senga, paranoid for at nokon eller noko frå under senga skal ta tak i føtene mine i det dei treff golvet og ser meg rundt med hjartet i halsen. Ingenting ved første augekast. Eg stirar no mot det mørke hjørnet for at auga skal venje seg til mørkeret.

Er det nokon som stirar tilbake? Auga justerer seg. Ingenting. Falsk alarm.

Atter ein gong går eg og legg meg ned i senga. Denne gongen klarar eg ikkje å falla så lett til ro. I det mørke rommet byrjar dei trøytte auga mine, og mitt paranoide hovud, å sjå mørke former, karikaturar, skugge som kjem og forsvinn. Nokon ser ut som menneske, andre som dunkle skapningar.

Ein av formene stirar meg inn i sjela frå det mørkaste hjørnet, den forsvinn ikkje slik som dei andre. Den berre står der som ein stor mørk illevarslande skikkelse og gjer ingenting bortsett frå å glo. Eg ristar på hovudet samtidig som eg lukkar auga ein augneblink. I det dei opnar seg igjen, er skikkelsen forsvunne. Det er nok berre hovudet som spelar meg eit puss. Eg er for sliten og trøytt til å tenkje noko meir over det, og mine tunge augo sig igjen.

Tre hjarteskjerande distinkte lydar, tydelege som slag mot tynne blikkplater dundrar gjennom rommet.

Kan det ha vore ein draum? Nei, det var jo heilt tydelege lydar. Eg fer opp i sitjande stilling, og stirar ein stund ut i mørkeret. No kjem kaldsveitten, og hjarte bankar som trommar. Eg slengjer meg mot leselampa for å skru på lyset. Det kan umogleg ha vore ein tilfeldigheit ein tredje gong?

Strålane frå lampa saumfer rommet. Lyset er svakt, og for å få eit betre overblikk, går eg ut av senga og bort mot lysbrytaren til taklampa som er på motsett side av rommet. Den kalde trekken bit på min berre hud, og minner meg på kor forsvarslaus eg er.

På vegen bort høyre eg ein lyd, som eg no er altfor kjend med, som eit ekko i rommet. Eg ser meg fort rundt, og prøver finne ut kva det er som lager lyden. Han kjem frå ein stor svart søppelsekk som ligg slengd på golvet. Eg stirar på den. Sekken beveg seg. Det er noko inni!

Nysgjerrig, men også livredd, går eg mot sekken. Kvart skritt tunge som om nokon har festa blylodd til føtene mine. Jo nærare eg kjem sekken, jo meir bevegar han seg. Berre nokon steg igjen no. Eg funderer over kva som ventar meg i sekken. Kanskje det er mitt verste mareritt? Dei siste stega er som å vassa i sement, og det blir tyngre for kvart skritt eg tar. Endeleg framme ved sekken.

Eg tek eit godt tak i sekken, men nøler eit augneblikk. Den tunge pusten min har no stoppa heilt opp. Alt som kan høyrast er den tikkande klokka på veggen, den lette susen frå vindauget og mitt eiga hjarte som slår så raskt at det er som om den vil rømma frå kroppen. Snart kjem eg til å stå ansikt til ansikt med natt-terroren min. Eg samlar alt motet eg har og røskar sekken opp i ei bestemt rørsle.

Noko unaturleg raskt fyk ut av sekken. Eg støkk til og tek eit raskt skritt bakover. Før eg får samla tankane, kjenner eg noko på ryggen. Handa grip instinktivt etter det i ein rask rørsle, og det flyr vekk.

Ein låg summing av raske vengjeslag høyrest rundt i rommet, først på den eine sida så den andre, før den forsvinn ut gjennom vindauget. Det var visst berre ei vanleg hus fluge trass alt.

Forfatters ord om teksten

Teksten spiller på den irrasjonelle frykten som vi mennesker ofte har for det ukjente og budskapet er at ting ofte er mye mindre skummelt enn det man egentlig tror. Det er en tekst mange kan kjenne seg igjen i, både selve opplevelsen med irrasjonell nattefrykt og frykt for mørket er noe de aller fleste har opplevd en eller flere ganger i livet.

I tillegg så kan det dras paralleller opp til samfunnsrelevanteemner slik som frykten for å prøve noe nytt. Jeg har brukt mange virkemidler for å skape en språklig rik, og til dels skummel tekst som fanger leserens interesse.

Teksten starter ved å sette stemningen og plassen, og introduserer “jeg” personen som fortellingen handler om. Deretter bygges det sakte opp spenning, eller redsel hos leseren ved at konflikten mellom «jeg» personen og det skumle ukjente introduseres og trappes gradvis opp og blir stadig mer intenst.

Vendepunktet og klimakset er når jeg personen endelig bestemmer seg for å konfrontere frykten i sekken, og da finner jeg personen til slutt ut at det aldri hadde vært en reell fare i det hele tatt og at det hele bare var en irrasjonell frykt. Slutten er ment å være overraskende for leseren, og skal bryte med forventningene, i tillegg til at det oppleves som litt humoristisk. Både det at den er skrevet på nynorsk og i jeg person gjør den mer nær og personlig, det blir mer troverdig, og man får en nærere tilknytning til jeg personen.

Teksten kan egentlig treffe alle, men jeg mener den er spesielt relevant for unge mennesker som er i utviklingsfasen, når de skal prøve mye nytt og finne seg selv. For mange studenter er det første gang de bor alene uten familien, noe som kan være en skummel opplevelse med mange nye sanseinntrykk.

At studenter bor alene kan gjøre at mange vil kjenne seg igjen i budskapet; at de er bekymret eller redde for den nye ukjente tilværelsen hvor de må være selvstendige i en større grad enn før. Det går som regel greit og er ikke så skummelt som en kanskje tror. Ofte blir nye opplevelser noe lærerikt og en positiv opplevelse som vil gi mestringsfølelse.

Til tross for at det kan være en utfordring, så ender man opp som et mer erfarent menneske enn man var før.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *